Utfordringar meg her og utfordringar meg der..!

I dag skriv eg dag 67/100 i Hundredagersutfordringen #hundredagersprosjektet. Har eg tenkt å gi meg? No way!

I dag oppdaga eg at ei veldig sprek dame på Instagram er med på noko som heiter #365daysproject. Jasså du, kanskje det er noko for meg?

I oktober var eg med på #octoberplank, og testa ut evne og vilje (det sitter i hovet seier sonen min på 16) til å stå leeeeeege i planken. Veldig inspirerande, og eg auka tida mi med 2 min på ein månad. Det viser at ein blir god til det ein trenar på.

Gimme 5! I litt utradisjonelle treningsklær for anledningen.
Gimme 5! I litt utradisjonelle treningsklær for anledningen.

Så har eg laga meg ein eigen utfordring: eg skal springa ein halvmaraton kvar veke – samanlagt altså.. Det har gått fint i oktober, så nå fortsetter eg i november med den. Og når nå #octoberplank #plankejenter er ferdig, så dukka #novemberchallenge #novembersitting #sittejenter opp..

Jada, sånn går no dagan! Det eg lurer på er korleis i alle dagar eg har havna opp i dette her? Eg har alltid visst med meg sjølv at eg ikkje går på sånne billige triks. Sportsutfordringar liksom, eg konkurrerer kun mot meg sjølv! Det er jo faktisk ganske barnslig! Og å brifa med treningsbilder og tider  på Face og Insta, det er jo kun for dei med stort behov for oppmerksomhet.

Men eg trur eg har skjønt det nå. Det viser seg at når ein først kjem over kneika, og over på «den andre sida» av treningspeset – så er det ei så sterk motivasjon og drivkraft at ein ikkje kan la vera. Må ha det, bare må ha det! Eg hadde høyrt om det, men hadde ikkje sjanse til å forstå før eg var der. Runners High. Endorfinkick, hekta på trening, kose-løpetur… Ikkje lenger fremmedord!

Og det er det geniale med Hundredagersutfordringa! Eg treng ikkje å lura på om eg skal trena i dag, for svaret er ja. Og undervegs stig formen, og med den overskuddet, meistingsfølelsen og følelsen av å vera sterk – både fysisk og mentalt. Ikkje rart eg blir hekta av ein slik gavepakke!

For  meg har motivasjonen til å trena gått gjennom fleire fasar: frå «eg burde trena oftare», via «eg MÅ trene sidan eg har fått MS», «å så flink eg er som trenar trass i at eg har ein sjukdom», «eg trenar for å ta kontroll over kroppen min, og ikkje la den ta kontroll over meg» til det som driv meg nå. Det eg får igjen av treninga: energi, overskudd, glede, moro og mentale musklar!

heiledeg_page_309_utsnitt

Eg håpar eg kan inspirera fleire til å få lyst til å trene! Bli gjerne med i Hundredagersgruppa mi på Facebook, me er ein god gjeng der som heiar kvarandre fram. Det kjem stadig nye inn, så det er bare å henga seg på. Her er link til gruppa. https://www.facebook.com/groups/195549967285838/

Så blir det noko av novemberutfordringa? Ja så klart, eg er i gang! Sitter i 90 grader med ryggen mot veggen i heile november.. Vondt! Men moro! Eg er hekta! Blir du med??

Og #365project..?? Me snakkest i desember når eg er i mål med 100/100! :-)

endorfiner