Trena 100 dagar på rad? Har det rabla for meg?

hundredagersprosjektet_blogg

Neida, det har ikkje rabla heilt for meg. Eg har bare gitt meg inn på ei utfordring som eg syns er skikkelig moro. Og som eg gjerne vil ha med deg på!

Eg har i mange år vore ein anti-trenar. Var skikkelig irritert over alle friskusane som var så spreke, og Birken meg her og Birken meg der.. Ein veldig sprek mann har eg og, men det motiverte i grunnen ikkje meg til å begynna å trena. Kanskje heller demotiverte meg. Det småpjasket eg dreiv på med på SATS ein gong eller to i veka på det beste, var liksom ikkje skikkeleg trening. Då måtte ein halda på iallefall ein heil time, vera dyvåt av svette og helst springa mange kilometrar. Det trudde eg at både mannen min og alle dei andre sprekingane meinte. Men– det sat visst mest i mitt eige hove.

Nå har eg slutta med å tenka så mykje på kva andre syns er riktig. Eg set meg mine eigne mål og konkurrerer mot meg sjølv (og eigen latskap og lyst til å ligga på sofaen).

Det beste eg får til er kanskje ikkje DET BESTE, men det er MITT beste – og det er godt nok!

Og det er det eg likar med Hundredagersutfordringen. Poenget er nemlig at det er DU som bestemmer kva som er trening for DEG. Du tar utgangspunkt i kva form du er i akkurat nå, og kva som er målet ditt med å vera med.  Motivasjon og mestring, kjenna at du er aktiv kvar dag.

Men trening kvar dag, er det lurt? Nei det er så klart ikkje lurt å driva hardtrening 100 dagar på rad. Det er kjempeviktig med kvile og restitusjon, for at kroppen og musklane skal få bygga seg opp igjen etter belastninga. Dagen etter ein lang løpetur kan eg f.eks ta litt styrketrening for overkroppen. Og kjenner eg at kroppen er sliten, så held det med ein gåtur eller å slå plenen. Det som er hensikten med prosjektet er å vera aktiv kvar dag i 100 dagar. Og når dei 100 dagane har gått, har eg forhåpentlegvis fått ein ny og sprek vane som eg har lyst til å fortsetta med!

Har du lyst til å vera med i mi gruppe for Hundredagersutfordringen? Meld deg på i lukka gruppe på Facebook, så kan me heia på kvarandre! Eg gir motivasjonstips når det går trått og råd om trening og aktivitetar undervegs. :-)

hundredagersprosjektet_blogg1

 

Fakta: Hundredagersprosjektet blei starta sommaren 2012 på bloggen Vibbileaks. Det spreidde seg fort i sosiale medier, og spesielt på Instagram. Les meir her