Svømma med delfinar? JA til meir moro og fanteri!

delfinbilde
Her er eg med min nye dansepartnar.

Kva skjedde? Eg har vannskrekk og gjer egentlig ikkje slike ting. Eg er jo ei fornuftig dame på mange-og-førti. Ei hønemor som skyr all risiko, og som ikkje driv og sløsar verken med tid eller pengar.

Ja det er eg. Eller det VAR eg. For nå har eg funne ut at eg vil ha min del av moroa!

Mottoet mitt for i år er Meir Moro og fanteri! 

Kva er det som gjer at me jenter blir så fornuftige og KJEDELIGE med åra? Det er liksom mennene, guttane som driv med lek og ufornuftige ting. Eg høyrer om ”gutte”turar (vaksne familiefedre altså) som reiser på helikopter-skiing, luftballongtur, toppturar, Ferrari-kjøring på bane.. Kva gjer me damene på ”jente”-tur? Shop till you drop, så klart. SPA… med massasje og forpleining på minimalistiske hotell. Snakkar om ungane våre, og om våre ”barnslige” menn.

Alt det er jo deilig og avslappande. Me kan stressa ned, unna oss litt luksus. Men – Eg er litt lei.. Eg vil ha MORO FOR MOR!

Kanskje tenker du nå at dei der greiene der, det er ikkje noko for meg. Eg kan leva heilt fint utan slike tåpelige risikable ting. Eg treng ikkje å utfordra meg sjølv, eg har ikkje det behovet. Sånn har eg tenkt lenge. Eg har begrunna det med fornuft, risikoaversjon, og ikkje bruka pengar på unyttige ting. Men det ligg og mykje komfort i det å ikkje prøva noko nytt.

vossluft
I lufta på VossVind.

I haust var me ein heil vennegjeng på tur til Voss. Eit av innslaga var å fly i vindtunnellen på Voss Vind (det var nemlig ”guttar” og med på turen). Eg hadde sjølvsagt ikkje meldt meg på. Det var ganske dyrt, og eg syns det såg skummelt ut. ”Det der treng eg ikkje å utsetta meg for”, tenkte eg.

Då me kom inn, vart eg kraftig utfordra av den tøffaste Pippi-venninna mi: “Klart du må bli med! Kom igjen, Astrid! “Og då bestemte eg meg for ”HELL YEAH!”.

Eg var LANGT utanfor komfortsonen min. Kvilepuls på 150. Måtte jobba med å pusta rolig.

Heldigvis var det ein veldig flink (og kjekk) instruktør som haldt stødig blikk-kontakt heile tida i dei 2 x 2 minutta eg var i lufta. Og gjett korleis det kjendest etterpå?

FANTASTISK! Snakk om å vera HØG – bokstaveleg talt!

 

Med denne opplevelsen friskt i minne, var det (ganske) lett å la seg overbevisa av dotter mi om at eg og MÅTTE  vera med og svømma med delfinar då me var i Mexico på juleferie. Men eg var redd for å få hovet under vatn – utan naseklype og med hendene fulle av delfin.. Så bestemte eg meg for å gå skikkelig for det – med alle sansar på! Det vart ein skikkelig sanseopplevelse. Syn: Glinsande vakre og blågrå delfinar. Lyd: havet rett bak oss og plystrelydane til delfinane. Lukt: småsild i bøtter. Smak: saltvatn. Følelse: silkemjuk, glatt og kjølig delfinhud – og ikkje minst følelsen av skrekk som gjekk over til rein fryd!

Yes. I did it!

Nå er eg i gang, tenker eg. Kva skal eg finna på av meir moro dette året? Har du noko å anbefala?

images

Det er utanfor komfortsona at magien skjer, heiter det. Det er der du utviklar deg og kan veksa. Det å utvida grensene for vår egen komfortsone gjer at vi opplever mestring. Målet er ikkje å ha det ukomfortabelt for ein kvar pris, men å få eit større område me føler oss trygge og komfortable innanfor.

Me har godt av å utfordra oss sjølv. Ja til meir moro for mor – og for far og!
Blir du  med?

 

Moroogfanteri
Maleri frå årets strategisamling..

 

 

%d bloggere liker dette: