MÅL i sikte! Premie! Pokal? Ny veske..!

images

15 dagar igjen i Hundredagersprosjektet! Eg er sikker på at eg kjem i mål!
Her er mine 10 BESTE TIPS for å få til EIN om dagen

  1. Eg veit at det blir trening i dag, det er liksom ikkje noko å fundera på. Det er bestemt. Ferdig snakka. Eg er jo med på Hundredagersutfordringa! Kaker som du har ståle smakar surt seier bakermester Harepus. Det er ikkje aktuelt å snika seg unna. Så bli med på ein Hundredagers – det er mitt nr 1 tips!
  2. Fortell om det til andre. Det gir ekstra motivasjon og grunn til å fortsetta. Sjå også tips nr 7!
  3. Skriv inn i kalenderen på telefonen/pc´en kva og når eg skal trena. Søndag kveld pleier eg gå gjennom kva som skal skje i familien og på jobben den neste veka. Då legg eg inn treningsplanane og. Det er lov å fleksa, men trening er med.
  4. Treningskompis! Eg prøver alltid å få med meg nokon når eg skal trena. Onsdagane er det Hoppla-Meir treningsgruppa mi – grusomt hyggeleg trening! Ellers har det faktisk blitt kjekt med mann&kone-trening etterkvart som eg har blitt i bedre form. Og så har eg nokre spreke venninner som stadig får ”Bli med på ein joggetur?”-sms.
  5. Variasjon: Det er kjempeviktig å legga inn kvile og restitusjon når ein trener kvar dag. Yoga er supert for restitusjon. Ein gåtur i nabolaget. Plenklipping, husvask.
    Ei mini-styrkeøkt heime på stovegolvet. Planke+pushups+mage f.eks går fint etter ei hard økt for beina dagen før.
  6. Ikkje legg lista for høgt: Du bestemmer kva som er trening for deg!
  7. Gi deg sjølv masse skryt og klapp på skuldra. Ikkje ver redd for å skryta på Facebook og Instagram. Tenk på deg sjølv som ein inspirator som vil smitta andre med ein aktiv livsstil.
  8. Ta på treningsklær når du står opp i helga. Då er du klar! – Pakk treningsbagen og ta med på jobb. – Fargerike og humørfylte treningsklær: eg anbefaler løpeskjørt! 
  9. Kombiner trening med noko anna du likar: lydbok på øyret når du spring, DVD / TV mens du spring på tredemølla, rolig jogg med laaaang telefonsamtale eller venninneprat samtidig. MUSIKK får tida til å gå raskare.

    1452041_10151738923541363_566975179_n
    Intervalltrening går som ein lek med Solsidan på DVD!
  10. PREMIE! Gjerne underveis også – 50 dagar for eksempel Tenk ut noko fint du skal få når du er ferdig! Det kan vera ein ting eller ein opplevelse. Eller veit du at du treng ny vinterjakke/joggesko el.l, så vent til du når målet eller delmålet ditt. Så er det premie for godt utført arbeid! Og inviter til 100-dagers feiring!

Den største premien er likevel at eg kjenner at eg er i god form, eg får masse energi og overskudd. Eg føler meg STERK både fysisk og mentalt!

 Målet mitt er at trening skal bli ein vane og ein naturlig del av kvardagen – på linje med å eta, sova og pussa tennene!

Er du overbevist?? Bli med i gruppa for Hundredagersutfordringen. Her er link til gruppa: https://www.facebook.com/groups/195549967285838/

images

Har du tips til ei skikkeleg fin premie-veske til eg er i mål 7. desember??

%d bloggere liker dette: