Korleis har du det, egentlig?

heiledeg_KK_hvordanhardudetegentlig2

For eit par veker sidan var det stor ståhei på hytta. Det var midt i den døsige og varmaste delen av ferien, og plutselig var eg på trykk i KK.. Over 3-4 sider – med styling! Det er ikkje kvardagskost (verken styling eller å vera på trykk). Eg visste sjølvsagt at artikkelen skulle koma, men eg var ikkje sikker på kva for ei veke. Og eg hadde jo lest og godkjend innhaldet og bildene. Om korleis livet forandra seg då eg fekk MS. Og om å bruka din eigen styrke til å snu negativt til positivt.

Det vart sjølvsagt hektisk aktivitet på sms, Facebook og Instagram utover dagen.

Mor tråla heile indre Ryfylke for å få tak i bladet – utan hell. Og Trude tok for seg alle bensinstasjonane på Jæren.. Men mange fekk tak i bladet og sette seg til for å lesa. Det kom fantastiske tilbakemeldingar.. Ein kan bli heilt høg av slikt..! .

Men så kom ein melding frå ein venn – på Facebookmailen:

”Men hvordan har du det egentlig, Astrid?”

Hm, kva meiner han med det? Trur han ikkje på at eg har det bra? Eg sette meg ned for å lesa artikkelen på nytt. Og då kjende eg det i magen.. Oioioi, er denne historien om MEG? ”Å bli pleietrengende var min største frykt”, sier Astrid. (hjelp!).

Eg veit eg er heldig. Eg har diagnosen MS men har ikkje vore dårleg på fleire år. Faktisk så lite dårlig at legen anbefalte meg å slutta med medisin nå i vår.

Men eg er veldig klar over at MS er ein sjukdom som kan koma igjen når som helst. Og då eg leste saken fekk eg ei påminning.. Tanken på å bli pleietrengande er fremdeles like skremmande – når eg først tenker på det.

I vinter var eg coach for ei flott og sterk dame som og har MS. Ho var i fin form, men ho kjende heile tida etter om det kunne vera noko ”rusk” som kunne bli til eit anfall. Ho våga ikkje å bestilla sydentur til sommaren, i tilfelle ho var dårleg då.

Det er lett å fokusera på alt som kan gå galt, og å bekymra seg. Kjenner du deg igjen der? Worst case scenario.. Dei to første åra etter at eg fekk sjukdommen var eg mest paralysert av det. Men nå har eg lært meg teknikkar for å skifta fokus over i meir positive banar.

Derfor tenkte eg: kva er det eg kan påverka, kva kan eg gjer noko med? Nei, eg kan ikkje bli kvitt diagnosen. Verdens beste forskarar jobbar med saken, men eg får gjort fint lite med det. Og det er heldigvis ingen som veit kva som skjer bak neste sving – verken sjuke eller friske. Det eg ikkje kan gjera noko med er det ikkje verd å bruka energien på.

Så eg flyttar fokus over på kva eg kan gjera.

Medisinen min er trening, sunt kosthald og lite stress. I tillegg masse positivt påfyll, nokon utskeielsar og moro! Desse tinga kan eg ta styring over. Og då kjenner eg at eg gjer noko som er bra for meg.

Og takk for spørsmålet, min venn! Det ga meg ein tankevekkar: Kor bra eg har det. Kor mange kjekke folk eg kjenner. For ein fin sommardag det er – på tide å feira med ei øl!

Kva gjer du for å ta styring over negative tankar?

 

2 hendelser på “Korleis har du det, egentlig?”

  1. Fantastisk dame med et fantastisk fokus.
    Du har mye å lære oss andre! : )

  2. Heile deg Coaching

    Takk for det Therese! Jeg er glad når jeg kan inspirere andre!

Stengt for kommentarer.

%d bloggere liker dette: