Hundredagers prosjektet funkar bra! Bli med?

Vil du bli med på fysisk utskeiing i 100 dagar? Det er noko for deg og!

bilderunnersworld4
Trening gjer glad!

I dag er det dag 18 av 100 i Hundredagersprosjektet mitt. Målet mitt med prosjektet er at trening og fysisk aktivitet skal bli ein heilt naturleg del av dagane mine, ein ny god vane! Og eg syns det funkar så bra!

Det er sjølvsagt ikkje alle dagar eg har god tid. Nå på lørdag f.eks reiste me i konfirmasjon kl 10, og deretter bar det rett av gårde på  jentefest. I mellom der skulle eg få av meg bunad, på med litt stash, og laga ein liten rett til å ha med! I det programmet er det ikkje lett å få inn trening. Men det var eg klar over då eg sto opp, så då måtte eg legga opp til ein liten styrketrening på terrassen før frokost. Dette hadde vore ganske utelukka før eg starta med prosjektet, men nå veit eg at eg ”må” – for eg vil jo ikkje missa ein dag!

 Og det er det som er heile poenget med denne utfordringa. Eg gjer meir enn eg ville gjort ellers.

Eg blir meir bevisst og tenker på det kvar dag: kva kan eg gjera av aktivitet i dag? Får eg trent? Bør eg ta ein kviledag, og kva kan eg i tilfelle gjera då av aktivitet?

På Facebook-sida mi Heile deg Coaching har eg oppretta ei gruppe for Hundredagersutfordringen, og her har me blitt ein heil gjeng etterkvart. Me heiar på kvarandre, inspirerer og motiverer! Her er det plass til fleire, og du kan starta når det passar for deg!

Du er sjefen og bestemmer kva du vil skal tella som trening. Men du må vera aktiv kvar dag i 100 dagar.

Dette er så bra! Bra for helsa, bra for humøret, bra for DEG og bra for alle!

 

Dag 16/100: Jogga 4 km for å henta sushi take away! (buss heim!)  Det joggande sushi-budet gliser godt!
Dag 16/100: Jogga 4 km for å henta sushi take away! 
Det joggande sushi-budet gliser godt!
Er du med?
%d bloggere liker dette: