Gammal vane: god å venda!

good-habits-and-manners

Det er mange ting ein veit det er lurt å gjera. Legga seg i rimeleg tid. Eta minst 5 frukt og grønt om dagen. Pusta med magen. Og trena. Ikkje minst det!

Hadde det ikkje vore utruleg greit at det bare gjekk automatikk i det, at det var like lett og naturlig å trena som å pussa tennene og ta ein dusj kvar dag? Eg har funne min metode:  Hundredagersutfordringen får trening til å bli ein vane!

Ein vane er ein handling eller aktivitet du gjer så ofte at den blir programmert inn i kvardagen og handlingsmønsteret ditt. Du utfører den heilt automatisk og du vil ha problem med å la vera å utføra den. Vanar kan vera ein svært positiv ting, for det frigjer hjernekapasitet til det som krever meir fokus.  Men ikkje alle vanar er like hensiktsmessige. Visst nok er opp mot 90% av handlingane våre gode/dårlege gamle vanar. Snakk om autopilot!

Det er forska ein del på kor lang tid det tar å bytta ut ein vane eller skapa ein ny. Dei fleste snakkar om mellom 21 dagar og 3 månadar. Då er Hundredagersutfordringen midt i blinken! Veldig mange av dei som har vore med på ein runde seier at nå er dei hekta på fysisk aktivitet kvar dag, og hiv seg med på ein runde til!

Korleis skjer det? Og korleis kan ein klara å halda motivasjonen oppe?

Her er nokon gode tips når det gjeld å skapa ein ny god vane:

  1. Tidsbegrens vanen – her er det 100 dagar det er snakk om. Målet er i sikte.
  2. Gjer det lett å få til: I Hundredagersutfordringen er det du sjølv som definerer kva som er trening for deg. Men det skal vera noko slag av FYSISK AKTIVITET kvar dag.
  3. Ikkje start for hardt ut, det må gjerne kjennast ”for lett” i starten.
  4. Forpliktelse: er du med på Hundredagersutfordringen trenger du ikkje lura på om du skal trena i dag eller i morgon eller på fredag. Det er kvar dag.
  5. Få med deg andre og del erfaringar. I Facebook-gruppa vår Hundredagersutfordringen er det ein heil gjeng som held på med det same, som heier og støtter deg og gir egne gode tips.
  6. Før oversikt over korleis du ligg an. Så kan du rapportera til Facebook-gruppa når det passar deg, f.eks ”Dag 57/100: kveldstur i nabolaget med venninne: 45 minutt rask gange”.
  7. Belønning: Sett opp delmål, f.eks 30 dagar, 50 dagar, 100 dagar og belønn deg sjølv med premie!
  8. Få støtte frå omgivelsane: fortell om mål og delmål og kva du får til både til familie og venner og på Facebook/Instagram.. Virker både forpliktande og motiverande.
notattreningsdagbok
Utdrag frå treningsdagboka mi, posta på Hundredagersutfordringen.

Tilbakemeldingane eg får frå deltakarane i Hundredagersutfordringen er at det å ”tvinga seg”  til å gjera noko fysisk aktivt kvar dag, gjer at du blir kreativ og finn muligheter sjølv når programmet er stramt eller helsa skrantar litt. Det blir lett å få til fordi treninga blir sett i system.

Trening har på ingen måte vore nokon vane i mitt liv tidlegare. Det har vore temmeleg sporadisk inntil for ca 3 år sidan. Nå er eg på min Hundredagersutfordring nr tre, og går for 365/365!

MÅ HA DET. BARE MÅ HA DET!

sterkmedyngvar
“BERRE GJER DA” seier Yngvar Andersen i Meir Trening.

Vil du vera med og laga ein god vane? Velkommen i Hundredagersutfordringen!

Her er linken : https://www.facebook.com/groups/195549967285838/?fref=ts

100isand
Hurra 100 i boks! Fotograf: Anne i Hundredagersutfordringen.

NB NB: Hundredagersutfordringen seier at du skal trena kvar dag. Du skal sjølvsagt ikkje trena intensivt og hardt 100 dagar på rad. Det er veldig viktig å restituera og henta seg inn igjen etter ei hard økt. Men då kan du gå ein tur, slå plenen, gjera husarbeid, lett yoga – altså fysisk aktivitet med litt lågare intensitet neste dag.

Og har du høg feber eller svært dårleg allmenntilstand skal du sjølvsagt ikkje trena.
Litt sjuk/skada: Kjenn etter og vær kreativ for å finna noko fysisk aktivitet du kan få til.

%d bloggere liker dette: