Finn Fem Feil! Finn du den siste?

FinnFemFeilBlogg

 

Det er heilt utruleg kor mykje tid og energi me bruker på å leita etter feil.

Eg var skikkelig god på desse Finn Fem Feil teikningane då eg var liten.  Men denne gongen hadde eg litt problem. Finn du den femte?

Eg var ikkje bare god på det då eg var liten, for det er ein kunst som ligg i ryggmargen på meg og sikkert mange andre og. Ein skal jo vera kritisk, leita etter det som kan bli bedre, vera analytisk og litt reservert til det motsette er bevist. Spesielt som siviløkonom.. Kven vil vel bli tatt for å vera godtruande, naiv og lett å lura? Nei, bedre då å ha eit skarpt auge for mulige feil og manglar!

I sommar møtte eg Anne, ein kjenning av meg. Ho var heilt oppgitt over sjefen sin, og skulle bruka ferien på å tenka på om ho skulle skifta jobb. Sjefen hennar er nemlig ein verdensmester i Finn Feil! Tre feil var hans greie. Heilt frå han var liten fekk han høyra at ALT alltid kunne gjerast bedre, og kvar gong han hadde spelt ein fotballkamp eller levert inn ein stil, så gjekk faren hans gjennom kva for tre ting som var feil eller som trengde forbedring. Dette prega Sjefen så mykje, at han brukte det kvar dag på jobb. Så når Anne leverte eit arbeid eller ein rapport, kasta Sjefen seg over saken med glød og iver. Nesten gledesstrålande kom han inn til henne med feila han hadde funne (flink, han fann dei!).

Kva trur du dette gjorde med Anne? Og hennar arbeidsglede og trivsel? Anne er ein dyktig økonom, og vil nødig gjere feil. Ho fortalde meg at ho følte ho visna meir og meir i denne jobben. Sjølv om ho trivdes veldig godt på arbeidsplassen ellers. Ho begynte å begrensa seg sjølv, ville helst ikkje synast.

 Kva vil skje om me heller begynner å leita etter det som er rett? Catch somebody in doing something right, heiter det!

Det du fokuserer på får du meir av! Eg har begynt å trena på dette sjølv, og har klart å begrava den verste kritikaren i meg. Før eg legg meg tenker eg gjennom kva eg har gjort bra i dag, kva eg har fått til, kva eg har vore god på. Mental trening: Tre ting kvar kveld! Og alle feila eg har gjort, det eg ikkje kan, eller får til velger eg å akseptera og fokusera mindre på. Som Kathrine Aspaas (også ein tidlegare kritisk siviløkonom) seier i si fasinerande bok Raushetens Tid: Eg er feiltastisk!

 Så kva har du gjort som har vore bra i dag? Kva vil du gje deg sjølv ein klapp på skuldera for?

 

PS: svaret på den femte feilen er pølsa! (pølse er som oftast heilt feil..!) 🙂
%d bloggere liker dette: