Eg seponerar!

Teksten er skrevet i 2014- og jeg seponerer fremdeles!

Eitt år har gått – og eg er fortsatt sprøytefri! God grunn til å feira!

IMG_0379

I fjor i juni fekk eg brev frå MS-legen min på sjukehuset. I brevet sto det at etter siste MR, kunne dei konstatera heilt stabile forhold i ein lengre periode, og at eg kunne ”vurdere å seponere behandlingen”.

Seponera? Hm, mystisk ord eg ikkje hadde høyrt før. Eg måtte faktisk slå det opp, og det viser seg at det betyr å avslutte medisinsk behandling.
Avslutta dei tre vekentlige sprøytene med MS bremsemedisin?? Som eg hadde tatt kvar einaste veke sidan eg fekk diagnosen Multippel Sklerose i 2007.. Torde eg det?

Etter å ha diskutert for og imot med fastlegen og familien, bestemte eg meg for å prøva. Eg avslutta kun to dagar før eg sprang halvmaraton på Tromsø Midnightsun Maraton 23. juni i fjor. Det var ein fantastisk feiring og følelse! Kroppen var med!

Eg samarbeider godt med kroppen min, syns eg. Og eg er overbevist om at dei grepa eg har tatt både innan fysisk og mental trening er det som held meg frisk. Men MS er ein sjukdom det ikkje fins enkle svar på, og eg er veldig klar over at den kan blussa opp igjen før eller seinare. Men det kan eg ikkje tenka på i dag. Det er utanfor det eg kan påverka. Det eg kan, det er å gjera dei tinga eg ser funkar for helsa mi frå dag til dag:

Fleksibilitet, jobb som gir meining og lite stress. Naturopplevingar, moro for mor med kjoltorsdag og sang med jentene.. Sunt kosthald.

Og trening!
Kondistrening. Styrketrening. Mental trening.

Dette er ting eg kan påvirka. Der er det eg skal ha fokus, på det eg kan gjera noko med.

Derfor kasta eg meg med på Hundredagersutfordringen i fjor. 100 dagar med trening kvar dag. 1. august i år hadde eg gjennomført 3 rundar + 65 dagar til. Eit heilt år med trening og fysisk aktivitet kvar dag!

Det kjem meir og meir forskning om korleis fysisk trening er viktig for å bli frisk og å halda seg frisk. Aktiv mot kreft gjer ein fantastisk jobb med å fokusera på dette.

Eg vil gjerne ha fokus på mental styrketrening og. Du kan påvirka korleis du tenker om helsa og livet, og det vil ha innvirkning på ”brain juicen”, kjemien i kroppen, på samme måte som fysisk trening har.

Mental trening + fysisk trening = ein superkombinasjon!

Lørdag 20. september skal eg feira eitt år utan MS-medisin og eitt år med dagleg trening med å springa 21 km på Oslo Maraton. Fordi eg kan! Heia oss!

Og seponeringa fortset på ubestemt tid. Eg bankar ikkje i bordet ein gong!

images-12

2 hendelser på “Eg seponerar!”

  1. Ingunn Moe

    Fantastisk Astrid !! Eg er både stolt og imponert over måten du har takla dette på. Du har klart å sjå mulighetene og lagt om heile livet dit. Omskulert deg, endra kosten, ikkje stress og ser posetivt på det mesta. Lykke til med neste maratonløp !,,

  2. Hilde Helene Rustad

    Du har vært så generøs å dele noen av dine mål med meg – SÅ
    jeg vet jo at du har flere hårete mål! Du har vist , og deler hele tiden at du kan nå mål , både for deg selv og andre. Jeg skal late som jeg er overrasket når neste mål er nådd. Men inni meg kommer jeg til å si; -VAR DET IKKE DET JEG VISSTE…

Stengt for kommentarer.

%d bloggere liker dette: