Eg elskar pommes frites!

Ooops, I did it again.. I går blei det pommes frites til middag, gitt.. Og det på Mc Donalds… Ikkje bra!

blogg pommesfrites
Mmmmm, nydelig McDonalds pommes frites…

Eg må bare innrømma det, pommes frites er godt. Digg! Salt, fett og søtt i perfekt forening.

Mens eg gjekk på Bryne Gymnas hadde eg jobb på Snadder Gatekjøkken på Nærbø. Skikkelig snadder jobb, og tilgang på mykje snadder mat! Favoritten var ein stor porsjon godt steikte pommes frites (”franske” heiter det der) med godt med smelta ost, masse piffikrydder og så ræææægesalat på toppen! Og brus. Kvar gong eg jobba.. Det var vel i snitt to gonger i veka i 2-3 (4??) år.

Og så kom studentlivet.. Rikelig med pommes frites der og i fleire år. Og pizza. Og øl.. Knapt nok ei gulrot eller et eple. Tenk så lite me visste om kosthald – og kor lite me brydde oss! Ein kunne legga på seg og få hol i tennene – jaja, og så då?

Spør ei gjennomsnittlig ungdomsskulejente i dag: ho kan ”alt” om kaloriar, transfett, sukker, salt, metta fett, tilsetningsstoff, bearbeida mat og high carbs.

Det er så mykje fokus på sunt og usunt over alt nå at det skal noko til å ikkje få det med seg. Og det er bra på ein måte. Eg vil absolutt ikkje anbefala min snadder-meny til nokon i dag. Den var full av alt på versting-lista: transfett, salt, raske karbohydrater, sukker og metta fett.

Heldigvis kan eg meir om dette nå. Etter at eg fekk MS har eg lagt om kosthaldet ein god del, men eg syns ikkje sjølv at det er nokon ekstrem diett. Eg et mykje meir grønsaker, frukt&bær, grovt brød og pasta, meir fisk, mindre rødt kjøt, reduserer ”fjøsfett” (ost, rømme, fløte, smør)og veldig lite av farsemat (pølser, kjøttdeig, karbonader osv). Dette er innanfor dei generelle anbefalingane frå Helsedirektoratet.

Pommes frites er ikkje på anbefalingslista til Helsedirektoratet – og det er skikkelig nei-mat for folk med MS og. Men eg har tru på at så lenge eg et sunt det meste av tida, så vil kroppen tåla ein liten dose med usunt innimellom.

Skal ein få til ein langvarig sunn livsstil, så må det vera balanse i det. Eg kunne aldri levd eit lykkeleg asketisk liv der det meste var forbudt. Det å kosa seg med god mat og drikke er så mykje meir enn å ”ta inn næring”. Og då er det lurt å unna seg favorittmaten ein gong i blant!

I går tok eg altså  med min sunne og fornuftlige 12-åring på Mac´ern. Det var eg som insisterte.. Me blei enige om å ikkje tenka ein tanke på at dette var usunt, men å kosa oss med smaken. (det høyrer med i historien at me kjøpte fullkornburger med kyllingbryst og drakk Bonaqua til)- og to store porsjonar med pommes frites. Mmmmmmm, godt! Det gjekk unna! Rein nytelse for alle sansar! J

Har du smakt Moules Frîtes – med majones?? (Eg har vore på utveksling i Belgia… nam nam! )

 

pommfri

Kva er din hemmelege nei-mat favoritt?

 

Her er forslag til god kvardags-“pommes frites” :

Skjær opp ulike rotgrønnsaker i frites-stavar (lag dei litt store for dei krympar i ovnen). Sellerirot og kålrabi er kjempegodt, og du kan også bruke pepperrot, sellerirot, søtpotet.. Legg i ildfast form, og krydre etter smak. Drypp litt olje over, og vend dei i forma. Bak dei i steikeovnen på 225 grader i ca 25 min (snu dei undervegs). Voila!

1 hendelser på “Eg elskar pommes frites!”

Stengt for kommentarer.

%d bloggere liker dette: