Heile Deg Coaching

Alle blogginnlegg

Du måste flytta på dej!

Denne sangen har du sikkert høyrt mange gonger:

Jag bygger, bygger upp

Och du river, river ner

….

För jag klättrar, klättrar upp

Och du drar mig, drar mig ner

Vi måste ta ett snack

Hörru, du måste flytta på dig!

Dette er frå fjorårets hit, av Alina Devecerski. Sangen handlar ikkje om ein slitsom eks som eg først trudde. I eit intervju seier ho at teksten handlar om at ho har ei positiv og ei negative side som alle andre, og at ho ber det negative flytte seg ut av veien for det positive. “På en måte gjør jeg det slutt med min negative side”, seier ho.

Blogg Donald engel og djevel

Alle har ein “engel” og “djevel”  på skuldrene som kviskrar deg i øyra. Den eine bygger, bygger opp. Og den andre river, river ned. Den kritiske “djevelen” (eller kva du velger å kalla han) har ein tendens til å snakka mykje meir og overdøyva den positive engelen på andre sida. Og fy for nokon stygge og ekle ting han seier! “Dette greier du aldri”. “Du kan like godt gi opp”. “Kva du trur du er, du kjem til å gi deg/mislukkast/dumma deg ut som du alltid gjer”.

Og det er selvfølgelig dine eigne ord du høyrer. Er ikkje det rart kor stygt me snakkar til oss sjølv? Ingen ville vel sagt slike ting til ein god venn? Og kva skal dette egentlig vera godt for? Ingen får til meir av å bli snakka til på den måten!

 

 Du måste flytta på deg! (unna vei, her kommer jeg!)

halvmaratontromsø_juni13

På lørdag er det Oslo Maraton, og eg er påmeldt! Eg skal “bare” springa 10 km denne gongen. Mange lurer på om eg ikkje skal ta halvmaraton, sidan eg “er så godt i gang med det”. Det gjekk jo så bra på Tromsø Midnight sun halvmaraton i juni. Eg er i bedre form enn på mange år, og veit at eg kan springa ganske saaaaakte veldig leeeeenge. Men nå ville eg ha ei ny utfordring: Eg vil vera rask! Eg vil finna ut kor fort det går an å springa for denne kroppen. Og eg vil sjølvsagt prøva å slå persen min frå forrige 10 km.. dermed blir det litt press.

Då treng eg å høyra kva den positive stemmen seier til meg!

 

Eg har tre positive ting eg skal seia til meg sjølv mens eg spring:

–       Eg er i superform!

–       Eg er rask!

–       Eg er sterk!

Den første setningen veit eg motiverer meg, og får meg til å føla meg ovanpå – sjølv med alle dei sprekingane som kjem til å vera i løypa. Eg er i Astrid-superform, og det er eg utruleg takknemlig og glad for. Det er kanskje ikkje det beste, men det er mitt aller beste! Og formen er mange hakk bedre enn før eg fekk MS, så det er heilt korrekt. Eg er i superform!

Eg er rask! Denne er verre å tru på, men eg kan tenka inni meg – Eg er i ferd med å bli rask! mens eg seier det. Og det stemmer jo. 🙂 Denne gir meg ein lett og glad følelse – (fjåge på jærsk!), og eg ser for meg at eg fyk på luftputesko bortover løypa.

Den sterkaste setningen er så klart EG ER STERK! Den inneheld mykje meir enn den reint fysiske styrken. Denne får meg til å kjenna på den indre styrken min, alt det eg kan og står for. Alt det eg får til, alt det eg er for andre. Den setter ting i perspektiv og kan få meg til å ”go on and on and on”!

 

Dette er ein veldig effektiv teknikk for å programmera hjernen til å fokusera på det positive, på mulighetene. I coachingspråket kaller me dette for positive affirmasjonar. Mental trening er like viktig som fysisk trening!

Eg er klar! 10 for Grete here I come!

Kva er ditt tips? Kva seier du til deg sjølv? Eg tar gjerne i mot fleire gode setningar!

Hundredagers prosjektet funkar bra! Bli med?

Vil du bli med på fysisk utskeiing i 100 dagar? Det er noko for deg og!

bilderunnersworld4
Trening gjer glad!

I dag er det dag 18 av 100 i Hundredagersprosjektet mitt. Målet mitt med prosjektet er at trening og fysisk aktivitet skal bli ein heilt naturleg del av dagane mine, ein ny god vane! Og eg syns det funkar så bra!

Det er sjølvsagt ikkje alle dagar eg har god tid. Nå på lørdag f.eks reiste me i konfirmasjon kl 10, og deretter bar det rett av gårde på  jentefest. I mellom der skulle eg få av meg bunad, på med litt stash, og laga ein liten rett til å ha med! I det programmet er det ikkje lett å få inn trening. Men det var eg klar over då eg sto opp, så då måtte eg legga opp til ein liten styrketrening på terrassen før frokost. Dette hadde vore ganske utelukka før eg starta med prosjektet, men nå veit eg at eg ”må” – for eg vil jo ikkje missa ein dag!

 Og det er det som er heile poenget med denne utfordringa. Eg gjer meir enn eg ville gjort ellers.

Eg blir meir bevisst og tenker på det kvar dag: kva kan eg gjera av aktivitet i dag? Får eg trent? Bør eg ta ein kviledag, og kva kan eg i tilfelle gjera då av aktivitet?

På Facebook-sida mi Heile deg Coaching har eg oppretta ei gruppe for Hundredagersutfordringen, og her har me blitt ein heil gjeng etterkvart. Me heiar på kvarandre, inspirerer og motiverer! Her er det plass til fleire, og du kan starta når det passar for deg!

Du er sjefen og bestemmer kva du vil skal tella som trening. Men du må vera aktiv kvar dag i 100 dagar.

Dette er så bra! Bra for helsa, bra for humøret, bra for DEG og bra for alle!

 

Dag 16/100: Jogga 4 km for å henta sushi take away! (buss heim!)  Det joggande sushi-budet gliser godt!
Dag 16/100: Jogga 4 km for å henta sushi take away! 
Det joggande sushi-budet gliser godt!
Er du med?

Trena 100 dagar på rad? Har det rabla for meg?

hundredagersprosjektet_blogg

Neida, det har ikkje rabla heilt for meg. Eg har bare gitt meg inn på ei utfordring som eg syns er skikkelig moro. Og som eg gjerne vil ha med deg på!

Eg har i mange år vore ein anti-trenar. Var skikkelig irritert over alle friskusane som var så spreke, og Birken meg her og Birken meg der.. Ein veldig sprek mann har eg og, men det motiverte i grunnen ikkje meg til å begynna å trena. Kanskje heller demotiverte meg. Det småpjasket eg dreiv på med på SATS ein gong eller to i veka på det beste, var liksom ikkje skikkeleg trening. Då måtte ein halda på iallefall ein heil time, vera dyvåt av svette og helst springa mange kilometrar. Det trudde eg at både mannen min og alle dei andre sprekingane meinte. Men– det sat visst mest i mitt eige hove.

Nå har eg slutta med å tenka så mykje på kva andre syns er riktig. Eg set meg mine eigne mål og konkurrerer mot meg sjølv (og eigen latskap og lyst til å ligga på sofaen).

Det beste eg får til er kanskje ikkje DET BESTE, men det er MITT beste – og det er godt nok!

Og det er det eg likar med Hundredagersutfordringen. Poenget er nemlig at det er DU som bestemmer kva som er trening for DEG. Du tar utgangspunkt i kva form du er i akkurat nå, og kva som er målet ditt med å vera med.  Motivasjon og mestring, kjenna at du er aktiv kvar dag.

Men trening kvar dag, er det lurt? Nei det er så klart ikkje lurt å driva hardtrening 100 dagar på rad. Det er kjempeviktig med kvile og restitusjon, for at kroppen og musklane skal få bygga seg opp igjen etter belastninga. Dagen etter ein lang løpetur kan eg f.eks ta litt styrketrening for overkroppen. Og kjenner eg at kroppen er sliten, så held det med ein gåtur eller å slå plenen. Det som er hensikten med prosjektet er å vera aktiv kvar dag i 100 dagar. Og når dei 100 dagane har gått, har eg forhåpentlegvis fått ein ny og sprek vane som eg har lyst til å fortsetta med!

Har du lyst til å vera med i mi gruppe for Hundredagersutfordringen? Meld deg på i lukka gruppe på Facebook, så kan me heia på kvarandre! Eg gir motivasjonstips når det går trått og råd om trening og aktivitetar undervegs. 🙂

hundredagersprosjektet_blogg1

 

Fakta: Hundredagersprosjektet blei starta sommaren 2012 på bloggen Vibbileaks. Det spreidde seg fort i sosiale medier, og spesielt på Instagram. Les meir her

Finn Fem Feil! Finn du den siste?

FinnFemFeilBlogg

 

Det er heilt utruleg kor mykje tid og energi me bruker på å leita etter feil.

Eg var skikkelig god på desse Finn Fem Feil teikningane då eg var liten.  Men denne gongen hadde eg litt problem. Finn du den femte?

Eg var ikkje bare god på det då eg var liten, for det er ein kunst som ligg i ryggmargen på meg og sikkert mange andre og. Ein skal jo vera kritisk, leita etter det som kan bli bedre, vera analytisk og litt reservert til det motsette er bevist. Spesielt som siviløkonom.. Kven vil vel bli tatt for å vera godtruande, naiv og lett å lura? Nei, bedre då å ha eit skarpt auge for mulige feil og manglar!

I sommar møtte eg Anne, ein kjenning av meg. Ho var heilt oppgitt over sjefen sin, og skulle bruka ferien på å tenka på om ho skulle skifta jobb. Sjefen hennar er nemlig ein verdensmester i Finn Feil! Tre feil var hans greie. Heilt frå han var liten fekk han høyra at ALT alltid kunne gjerast bedre, og kvar gong han hadde spelt ein fotballkamp eller levert inn ein stil, så gjekk faren hans gjennom kva for tre ting som var feil eller som trengde forbedring. Dette prega Sjefen så mykje, at han brukte det kvar dag på jobb. Så når Anne leverte eit arbeid eller ein rapport, kasta Sjefen seg over saken med glød og iver. Nesten gledesstrålande kom han inn til henne med feila han hadde funne (flink, han fann dei!).

Kva trur du dette gjorde med Anne? Og hennar arbeidsglede og trivsel? Anne er ein dyktig økonom, og vil nødig gjere feil. Ho fortalde meg at ho følte ho visna meir og meir i denne jobben. Sjølv om ho trivdes veldig godt på arbeidsplassen ellers. Ho begynte å begrensa seg sjølv, ville helst ikkje synast.

 Kva vil skje om me heller begynner å leita etter det som er rett? Catch somebody in doing something right, heiter det!

Det du fokuserer på får du meir av! Eg har begynt å trena på dette sjølv, og har klart å begrava den verste kritikaren i meg. Før eg legg meg tenker eg gjennom kva eg har gjort bra i dag, kva eg har fått til, kva eg har vore god på. Mental trening: Tre ting kvar kveld! Og alle feila eg har gjort, det eg ikkje kan, eller får til velger eg å akseptera og fokusera mindre på. Som Kathrine Aspaas (også ein tidlegare kritisk siviløkonom) seier i si fasinerande bok Raushetens Tid: Eg er feiltastisk!

 Så kva har du gjort som har vore bra i dag? Kva vil du gje deg sjølv ein klapp på skuldera for?

 

PS: svaret på den femte feilen er pølsa! (pølse er som oftast heilt feil..!) 🙂

Korleis har du det, egentlig?

heiledeg_KK_hvordanhardudetegentlig2

For eit par veker sidan var det stor ståhei på hytta. Det var midt i den døsige og varmaste delen av ferien, og plutselig var eg på trykk i KK.. Over 3-4 sider – med styling! Det er ikkje kvardagskost (verken styling eller å vera på trykk). Eg visste sjølvsagt at artikkelen skulle koma, men eg var ikkje sikker på kva for ei veke. Og eg hadde jo lest og godkjend innhaldet og bildene. Om korleis livet forandra seg då eg fekk MS. Og om å bruka din eigen styrke til å snu negativt til positivt.

Det vart sjølvsagt hektisk aktivitet på sms, Facebook og Instagram utover dagen.

Mor tråla heile indre Ryfylke for å få tak i bladet – utan hell. Og Trude tok for seg alle bensinstasjonane på Jæren.. Men mange fekk tak i bladet og sette seg til for å lesa. Det kom fantastiske tilbakemeldingar.. Ein kan bli heilt høg av slikt..! .

Men så kom ein melding frå ein venn – på Facebookmailen:

”Men hvordan har du det egentlig, Astrid?”

Hm, kva meiner han med det? Trur han ikkje på at eg har det bra? Eg sette meg ned for å lesa artikkelen på nytt. Og då kjende eg det i magen.. Oioioi, er denne historien om MEG? ”Å bli pleietrengende var min største frykt”, sier Astrid. (hjelp!).

Eg veit eg er heldig. Eg har diagnosen MS men har ikkje vore dårleg på fleire år. Faktisk så lite dårlig at legen anbefalte meg å slutta med medisin nå i vår.

Men eg er veldig klar over at MS er ein sjukdom som kan koma igjen når som helst. Og då eg leste saken fekk eg ei påminning.. Tanken på å bli pleietrengande er fremdeles like skremmande – når eg først tenker på det.

I vinter var eg coach for ei flott og sterk dame som og har MS. Ho var i fin form, men ho kjende heile tida etter om det kunne vera noko ”rusk” som kunne bli til eit anfall. Ho våga ikkje å bestilla sydentur til sommaren, i tilfelle ho var dårleg då.

Det er lett å fokusera på alt som kan gå galt, og å bekymra seg. Kjenner du deg igjen der? Worst case scenario.. Dei to første åra etter at eg fekk sjukdommen var eg mest paralysert av det. Men nå har eg lært meg teknikkar for å skifta fokus over i meir positive banar.

Derfor tenkte eg: kva er det eg kan påverka, kva kan eg gjer noko med? Nei, eg kan ikkje bli kvitt diagnosen. Verdens beste forskarar jobbar med saken, men eg får gjort fint lite med det. Og det er heldigvis ingen som veit kva som skjer bak neste sving – verken sjuke eller friske. Det eg ikkje kan gjera noko med er det ikkje verd å bruka energien på.

Så eg flyttar fokus over på kva eg kan gjera.

Medisinen min er trening, sunt kosthald og lite stress. I tillegg masse positivt påfyll, nokon utskeielsar og moro! Desse tinga kan eg ta styring over. Og då kjenner eg at eg gjer noko som er bra for meg.

Og takk for spørsmålet, min venn! Det ga meg ein tankevekkar: Kor bra eg har det. Kor mange kjekke folk eg kjenner. For ein fin sommardag det er – på tide å feira med ei øl!

Kva gjer du for å ta styring over negative tankar?