BRA NOK trening er bra!

DU bestemmer kva som er bra nok trening!

Kor svett må ein vera og kor langt må ein jogga for å kalla det trening? Kor perfekt skal det vera? Og kven bestemmer det?

Mange vil at treninga skal vera perfekt viss ein først skal trena. Fleire eg kjenner vil aldri koma på å kalla ein rask gåtur i nabolaget for trening. Nei, trening det er ein time på treningssenteret, eller minimum 5 km samanhengande løping i raskt tempo. Ein går ikkje på ski, ein trenar. Ikledd riktige treningsklær som skal vera skikkelig svette etterpå, og med alt det rette utstyret som ”trengs”.

Då blir det ein høg terskel å koma seg på trening. Mykje skal klaffa før ein drar på treningssenteret. Det treningspartiet eg likar skal vera akkurat då, eg må bestilla plass og det må passa inn i familien sin logistikk. For det tar fort to timar å ta ein tur på treningsssenteret, inkludert kjøring og parkering. Skal ein på SATS på Storo, så må ein jo ordna seg litt først og. Ikkje noko fett hår og utan mascara der, nei. Hmm, ”då passar det visst ikkje heilt i dag”.

Og 5 km samanhengande løping i god fart, det klarte eg sist eg var i god form – så det er det minste eg kan forventa av meg sjølv. Så prøver ein på det, sjølv om det er to år sidan sist, og kjem heim med blodsmak i munnen og har nesten klart det etter ein halvtimes tid med sjølvpining og hat. Då blir det éin tur til, kanskje to, så er det prosjektet dødt.

 Kvifor legg vi lista så høgt for oss sjølv? Og kven er det som bestemmer kva som er definisjonen på trening? Kan ein ikkje bare ta på seg skoa og ta seg ein tur?

Eg har sjølv vore ein antitrenar i mange år. Særleg etter at eg flytta til Kjelsås. Nordre Aker er fullt av ekstremt spreke folk over alt. Eg syns det var latterleg når folk i full treningsmundur, leverte ungane i barnehagen, for så å springa eller sykla til jobben.

Men etter litt trendpress (eg følger jo med i tiden) vart eg støttemedlem på Sats, eller var det Elixia? (hugsar ikkje, det var så sjeldant).  Min antihaldning var ein slags protest mot treningsfantastane. Til og med mannen min dreiv og sprang i tide og utide! Nå i ettertidpåklokskapens lys ser eg jo at den som måtte betala for protesten med dårlig form og helse var meg sjølv. Det blir litt som å smugrøyka for foreldrene dine når du har passert 40 år, som eit slags forlenga ungdomsopprør. Lurer bare deg sjølv..

For nokre år sidan fekk eg ein kronisk sjukdom, og opplevde å vera i skikkeleg dårleg form. Det var ikkje bare på grunn av sjukdommen. Legane anbefalte sterkt å begynna å trena. Så det begynte eg med, utan nokon annan motivasjon enn at det burde eg, sidan legen sa det.

Men kva skulle eg trena, eg som var i så dårleg form? Eg begynte med å veksla mellom å gå og jogga. Eg måtte bare sjå bort frå at det eg dreiv med sikkert ikkje kom inn under definisjonen trening. Men eg kom i gang. Sette min egen definisjon, og la lista lågt. Og jobba med å fokusera på det eg fekk til, og ikkje på det eg ikkje fekk gjort.

Eg las om at intervalltrening var oppskrifta for å få opp formen litt fort, og starta Intervalklubben Hoppla saman med ein gjeng andre Kjelsås-damer. Då vart det jammen både effektivt og sosialt! Grusomt hyggelig trening kalla me det. Og etterpå har det i grunnen bare balla på seg. For fem år sidan sprang eg Sentrumsløpet for første gong – ein utrulig opplevelse for ein antijoggar, og nå har Intervallklubben Hoppla blitt til MEIR trening Kjelsås, med meg som trenar! Men det aller beste med å vera i god form oppdaga eg, er at eg kjenner meg sterk og ovanpå! Det er god motivasjon!

Nå jobbar eg som coach i selskapet Heile deg, der me fokuserer på heilheita mellom det fysiske og mentale. Kor viktig det er å vera i fysisk form for å ha mentalt overskudd og krefter til å handtera alle utfordringane som kjem trillande gjennom livet.

Eg har mange kundar som ikkje har tid eller ork til å begynna å trena. Eg observerer at det oftast gjeld damer, som seier at dei ikkje har mulighet til å prioritera eigentrening, midt i tidsklemma. Mennene får det som regel til, om dei vil.Då seier eg at det er du som bestemmer kva som er trening for deg. Gjer det lett å få til, og begynn å heie på deg sjølv for kvart einaste minutt med fysisk aktivitet du får til.

Litt er alltid bedre enn ingenting. Det må ikkje vera perfekt for å vera bra for deg.

Trening og fysisk aktivitet er ikkje eit prosjekt, eller noko ein kan velga vekk eller venta med til ungane blir store. I følge Helsedirektoratet si anbefaling trengs det ”30 minutt med fysisk aktivitet av moderat til høg intensitet hver dag”, året rundt for å halda vedlike kroppen og helsa.. Og ”Aktiviteten kan deles opp i bolker på minst 10 minutters varighet.”

Så mi utfordring til deg er; ikkje vent til det passer perfekt for å få gjort den perfekte treninga. Du bestemmer kva som er trening for deg og kor di list skal ligga.

Den perfekte treninga er den du faktisk får gjort! 

Og har du lyst til å prøva deg på ein morsom utfordring, så bli med og tren 100 dagar på rad i  i treningsgruppa Hundredagersutfordringen på Facebook

1 hendelser på “BRA NOK trening er bra!”

  1. Ann Kristin Hæreid

    Bra gjort og sant! Å klara å gjenkjenna og gripe fatt i sjølv den minste motivasjon ein kan finna hos seg sjølv, og få løfta den litt fram me hjelp av ei slik treningsgruppe er gull verdt!

Stengt for kommentarer.

%d bloggere liker dette: